Informasjonsmøte om prosjekt landbasert oppdrett i Raudbergvika
…………………………………………………………………………………………………………………………………………………….
Lær fotballtriksing med Anders Solum!
YouTubar og tidl verdsmeister i triksefotball kjem til Eidsdal og held kurs!
Fredag 7.juni vert det kurs:
16.00: 4.-5.klasse
17.00: 6.-7.klasse
18.00: 8.klasse og oppover
Kurset er gratis for medlemmer i NEG, EIL, NIL og GIL For andre kostar det 50 kr. Det vert sal av pølser og saft. Påmelding seinast torsdag 6.juni (gjerne før) til 93049185. Kom gjerne i god tid, og heng igjen etterpå for å trene trikseskills!
Anders blir også å treffe heile dagen under Eidsdalsrøre 2024, med trikseshow, konkurransar og gode råd for den som vil bli god i fotballtriksing
Jonas Fjeld, med Ole Jørn Myklebust og Håvar Bendiksen
Konsert på Røde Kors-huset i Eidsdal 7. juni 2024.
Dørene opnar kl. 19.00.
Englar i snøen er ikkje alt her i livet, men for mange av oss betyr bildet av dei orda noko spesielt. Opplagt er det slik for Jonas Fjeld sidan «Engler i sneen» er den songen han aldri kan utelate frå ein konsert. Sangen og følelsene i låta som det norske folk har trykket til sitt bryst og kåra til tidenes tredje beste norske låt,
Jonas Fjeld er endeleg tilbake i Eidsdal, saman med dei to fantastiske musikarane Ole Jørn Myklebust og Håvar Bendiksen. Eidsdalingen Ole Jørn kjenner vi godt, og han har ei karriere som i tillegg til eigne prosjekt innheld samarbeid med musikarar som Mari Boine, Jonas Fjeld, Unni Wilhelmsen og Ola Bremnes. Håvar Bendiksen er gitarist som vi også har hatt besøk av før både saman med Mari Boine og med barneforestillinga «Lille Bille».
Gled deg til ein herleg kveld med Jonas, Ole Jørn og Håvar 🙂
Arrangør: TINDRANDE EIDSDAL
Countryfest! Byting live ved Eidsvatnet
Konserten skjer på utescene i nordenden av Eidsvatnet, midt mellom Eidsdal og Geiranger laurdag 8. juni kl. 19.00.
Opplev Byting, «Lyden av Midt-Telemark» i fantastiske omgivelsar ved Eidsvatnet!
Thomas Hellekås, frontfigur og låtskriver, har en sterk karismatisk framtoning og bærer med stolthet rollen som Bøhering og Telemarking. Dette gjennomsyrer alt Byting gjør enten det er musikalsk eller i sosiale medier. Bø-dialekta og Hardingfele er viktige og bærende elementer i lydbildet til Byting.
Rewind varmar opp
«Rewind er eit coverband med base i Ålesund. Det består av Odd Erik Hauge på trommer, Trond Rødland på gitar, Mari Tafjord Rødal på vokal og Tore Nerhus frå Eidsdal på bass/vokal. Rewind spelar coverlåtar frå dei fleste tiår innan rock/ pop.»
Overnatting er mogeleg på campingplassar og hytteutleige i nærheita.
Parkering på tilviste plassar. Det vert sal av mat og drikke på staden.
Aldersgrense 18 år.
Arrangør: TINDRANDE EIDSDAL
Kulturvandring
Bli med på vandring gjennom bygda, og få ny kunnskap om lokalhistoria. «Reiseleiarar» vert Eivind Rønneberg (Lidarheim), Leif Martin Veiberg (Veiberg), Ottar Storås (Hjellane), og fleire kan kome til.
Vel møtt til ein spanande og lærerik tur!
Frammøte og parkering på Lidarheim.
Turen startar kl 11.00, og går frå Lidarheim, over kvelvingsbrua til Veiberg, så over Hjellane og via Blomerobben ned til Ytterdal der den endar i Torestova.
Utstilling i Torestove-løa – Inga Elisa Thoredotter Ytterdal sine tekstilarbeid