Pressemelding 26. mai 2024 – Eidsdalsrøre FESTIVAL 6.- 9. juni 2024
Eidsdalsrøre går nye vegar
Festivalen Eidsdalsrøre satsar stort og inviterer til countryfest ved Eidsvatnet. Saman med tradisjonelle aktivitetar gjennom helga blir dette ei storhending som arrangørane trur vil trekkje mykje folk til bygda.
Eidsvatnet ligg på ruta mellom Trollstigen og Geiranger, og er eit hyppig avbilda motiv som er å sjå i mange samanhengar. Det å arrangere ein konsert akkurat her har vore eit mål for
arrangørane lenge, og i år skal det skje. «Laurdag 8.juni har vi invitert bandet Byting for å lage stemning og god musikk» seier «artistansvarleg» Emma Gutsveen Ytterdal. Ho gler seg stort til konserten, som blir den største satsinga festivalen har hatt. «Byting er ein særdeles bra live-band som markerer seg med trøkk og god stemning på konsertane», kan ho fortelje. «Samstundes skriv dei gode både tekstar og melodiar. Det å få ein konsert med dei i slike fantastiske omgivelsar blir heilt unikt!».
I tillegg til Byting kan ein også høyre bandet «Rewind», med forankring i Brattvåg og Ålesund og ikkje minst Tore Nerhus som er fødd og oppvaksen oppe ved Eidsvatnet. Dei spelar cover-låtar frå 80-, 90- og 2000-talet, med masse bra musikk! Det blir servering, både drikke og enkel mat, og det blir etablert festivalcamping like ved spelestaden med høve til å setje opp telt. Elles oppfordrar arrangørane folk til å nytte overnattingstilboda som finns i bygda.
Fest tre dagar til ende
Tradisjonen tru blir Eidsdalsrøre ein fest for heile familien med dyrehage, teater, leikar, konsertar, hesteriding, bondeolympiade og mykje anna moro. Den populære marknaden blir rikhaldig og variert, med kvalitetsprodukt, både husflidsprodukt og lokalmat. Heilsteikt gris er også eit velsmakande varemerke for Eidsdalsrøre. På utescena laurdag kan ein oppleve konsertar med Malin Dahl Ødegård, Solveig Eide Grønningsæter og Eidsdal musikkorps, men ikkje berre det: Det blir også teater: «Verdens beste historie».
Gunnar Inge Eide fortel: «Vi har eit fint samarbeid med Fride Snipsøyr Holøs og teaterkompaniet Sprengt Teater, og Fride har vore her fleire gonger før. Det er ekstra kjekt sidan ho har røter i bygda, og vi veit at her har publikum noko å gle seg til, både liten og stor.» For festivalen er det viktig å tilby eit vidt spekter av opplevingar, og i samarbeid
med fotballklubben og idrettslaga inviterer dei også til kurs i triksefotball. «Den kjende
youtubaren og tidlegare verdsmeister i fotballtriksing Anders Solum kjem og vil halde kurs i
fotballtriksing for born og ungdom» seier Eide. «Fredag vert det kurs på fotballbana, og laurdag vil han ha aktivitetar, kurs og show på festivalområdet. Solum er svært populær, og vi veit at dette er noko mange gler seg til.» Informasjon om triksekurs og andre ting som skjer i helga kan publikum finne på www.eidsdal.no
Pangopning med Jonas Fjeld fredag
Det kan med rette kallast ei pangopning når Jonas Fjeld kjem til Eidsdal for å halde
opningskonserten under Eidsdalsrøre. Fjeld er ein av dei mest populære artistane i landet, med ei utruleg karriere som inkluderer samarbeid med ei rekkje andre store namn, og som spelar for fulle hus rundt i heile landet. Han har vore på Eidsdalsrøre før, og no kjem han tilbake i godt selskap med trompetist og musikar Ole Jørn Myklebust, og supergitarist Håvar Bendiksen. Ei unik oppleving denne fredagskvelden altså.
Eidsdalsrøre tek mål av seg til å femne breitt. Den tradisjonsrike Bondeolympiaden har ein
sjølvsagt plass. I år vert det ei spanande utstilling av Inga Elisa Thoredotter Ytterdal sine
tekstilarbeid, arbeid som ikkje har vore offentleg vist fram på rundt hundre år. Dette skjer
samstundes som ein opnar Torestoveløa for besøkande, første ledd i arbeidet med å gjere heile den unike Torestova tilgjengeleg for publikum.
Utstillinga er opa både laurdag og søndag. Gunnar Inge Eide fortel vidare: «Det er mange som gler seg til å besøke Torestoveløa og denne utstillinga. Inga Elisa sine arbeid har vore lite kjende, men held ein høg kunstnerisk kvalitet og det er ei glede å løfte dei fram i ljoset.» Søndag vert det også kulturvandring gjennom bygda, ei vandring som startar ved det gamle ungdomshuset Lidarheim, og går ei fire kilometer lang rute over Veiberg og Hjellane og ned til Ytterdal der den endar ved Torestova. Med fleire lokalkjende turleiarar vert det ei interessant og spanande vandring gjennom vakre kulturlandskap.
Arrangørane gler seg til å ynskje gjestane velkomen til ei helg full av opplevingar og aktivitetar, og ikkje minst sosialt samvere! «Vi veit at Eidsdalsrøre er eit «must» for svært mange, og vi gler oss veldig til å ønske folk velkommen til festivalen vår» avsluttar dei andre arrangementsansvarlege Stein Ove Bjørge, Rigmor og Gunnar Helge Lund, Toril K Kleiva og Ragnhild Døving.
Våre fantastiske sponsorar bidreg stort til eit så innhaldsrikt program i årets Eidsdalsrøre-
festival. De finn informasjon på Instagram, Facebook (Eidsdalsrøre) og ikkje minst heimeside – www.eidsdal.no
Kontaktpersonar:
Emma Gutsveen Ytterdal, Tlf: 98 64 99 32, Epost: emmagytterdal@hotmail.com Gunnar Inge Eide, Tlf: 93 04 91 85, Epost: gunnarei@gmail.com
Kort om arrangøren:
Eidsdalsrøre vert arrangert av Tindrande Eidsdal, eit bygdeutviklingslag som arbeider for bulyst, trivsel og aktivitet i bygda. Laget er organisert gjennom styre samt prosjektgrupper, deriblant arbeidsgruppa for Eidsdalsrøre. Medlemmene i arbeidsgruppa har forskjellige oppgåver, mellom anna marknad, rigging, grilling, dyrehage og konsert. Eidsdalsrøre vart arrangert første gong i 2014 og har med unntak av to koronaår vore eit årleg arrangement.
Andre aktivitetar som Tindrande Eidsdal gjennomfører er lysprosjekt i desember, oppgradering av folkesti og opparbeiding av park i Gjerthagen. Prosjekta vert gjerne gjennomførte i samarbeid med andre.
Programoversikt